Tøff Svalbard-tur

Kloster Patrol 36 fotografert ved Esmarkbreen i Ymerbukta på Svalbard. På «jagarbrua» sit Magnar Reigstad i gul jakke og med skyggehue. (Foto: Øystein Lending).

Kloster Patrol 36 fotografert ved Esmarkbreen i Ymerbukta på Svalbard. På «jagarbrua» sit Magnar Reigstad i gul jakke og med skyggehue. (Foto: Øystein Lending).

Artikkelen er over 4 år gammel

Magnar Reigstad sin prototype av Arctic Kloster Patrol i 36 fots utgåve vart nyleg ført til Svalbard av eigaren Karl Magne Faksdal og eit mannskap på to.

DEL

– Faksdal overtok båten på Halsnøy for tre veker sidan og først hadde han med familien på ferietur langs kysten heilt opp til Bodø. Der gjekk familien på land for å ta fly, og to sjøvante vener av Faksdal slutta seg til som mannskap, fortel Magnar Reigstad.

Ferda gjekk via Andøy, Bjørnøya og deretter til Longyearbyen.

– Ved Bjørnøya kom dei ut for ein kortvarig storm som varte i 25 timar. Då fekk både mannskap og båt køyrt seg skikkeleg. Det vart ein ekstremtest som båten bestod med glans, fortel Reigstad og viser til at den barske båtturen er omtala i magasinet Båtliv.

Sjølv tok Reigstad fly til Svalbard 6. august og tok imot dei tre tøffingane i Kloster Patrol 36 då dei kom til Longyearbyen 9. august.

– Då var dei grøne i trynet og hadde beina fulle av havdønning, flirer Reigstad.

Saman med Øystein Lending frå Lending båtbyggeri som skal produsera Kloster Patrol 36, overtok Reigstad båten ein periode for å marknadsføra den overfor nordmenn og russarar som jobbar innan turisme på Svaldbard.

– Der trur eg det er ein marknad for ein sikker båt som Kloster Patrol 36. Som kjent er den bygt med tryggleiken i høgsetet. Båten er konstruert slik at den flyt og har det elektriske anlegget intakt, sjølv om skroget er knust, eller om den sjølvopprettande båten har gått rundt. I det stygge farvatnet som er rundt Svalbard, er tryggleik ekstremt viktig, meiner Reigstad.

Ferda gjekk inn i ulike fjordar, inn til isbrear, og blant anna til dei russiske byane Barentsburg og Pyramiden. Prototypen er i all hovdsak ferdigstilt av Magnar Reigstad og sonen Roger Reigstad på Halsnøy Kloster.

– No vil eg leggja konfliktane på Sørlandet bak meg, tenkja positivt, og retta meg mot ein ny marknad, seier Reigstad som vil tilbake til Svalbard for å marknadsføra Arctic Kloster Patrol ytterlegare.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags