Fekk fengselsstraff etter råkøyring

DEL


Ein mann i 20-åra frå Kvinnherad er i Sunnhordland tingrett dømd til fengsel i 18 dagar etter å ha køyrt for fort.

Han mistar òg førarkortet sitt, og får ikkje ta førarprøven på nytt før det er gått 15 månadar.

Det var i slutten av januar at mannen blei stoppa av politiet i Sundal i heile 100 kilometer i timen i 50-sona.

Sjåføren tilstod forholda i tingretten. Påtalemakta foreslo straff på 18 dagar fengsel utan vilkår, noko retten sa seg einig i.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags