Trailer i grøfta på Halsnøy

DEL

Like før klokka 10 måndag føremiddag hamna ein trailer i grøfta på veg til Høylandsbygd, opplyser politiet.

Sjåføren melde sjølv frå.

Hendinga skal ifølgje politiet ha skjedd i Gravdalsvingen, og det skal vera glatt på staden.

– Sjåføren hadde ikkje stor fart. Strøbil er sendt ut, kommenterer Are Uppheim ved Kvinnherad lensmannskontor.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags