Ras stengde vegen på Sunde

Slik såg det ut torsdag ettermiddag då det blei rydda for å få open vegen igjen. (Mobilfoto: Håvard Røyrvik).

Slik såg det ut torsdag ettermiddag då det blei rydda for å få open vegen igjen. (Mobilfoto: Håvard Røyrvik).

DEL

Sundsvegen på Sunde har vore stengd som følgje av eit ras.

Onsdag skal ei steinblokk ha losna og falle ned i vegen saman med eit tre. Raset gjekk like nedanfor vegen opp til gamleskulen. Nokre hundre meter frå oppkøyrsla frå hovudvegen til Sunde Oppvekstsenter.

Mesta og Kvinnherad Maskin jobba på staden torsdag ettermiddag. Torsdag kveld er vegen open igjen.
Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags