– Er det vikeplikt, gjeld vikeplikta

Her frå krysset nedanfor Rustene. (Arkivfoto).

Her frå krysset nedanfor Rustene. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Det seier Geir Sverre Andreassen i Statens vegvesen om den nye skiltinga på Fylkesveg 44 som har skapa forvirring blant bilistar.

DEL

Det har vore mykje forvirring angåande den nye skiltinga på Fylkesveg 44, frå Helland til Opsanger, over Kaldestad. Det har komme opp nye vikepliktskilt på sidevegar, og nye forkøyrsvegskilt ved hovudvegen, men sistenemnde er framleis ikkje snudd mot køyrebanen. Geir Sverre Andreassen frå Statens vegvesen seier at regelen er enkel – følg vikeplikta.

– Om det står eit vikepliktskilt med eit gyldig vedtak, så gjeld vikeplikta, seier Andreassen.

Og dei nye skilta har gyldige vedtak. Når det gjeld forkøyrsvegskilta som er sett opp, men som førebels er snudd vekk frå køyrebanen, er dette fordi dei ikkje er ferdige med arbeidet enno, fortel Tor Helge Tveit frå Mesta.

– Ein skal følgja dei nye vikepliktskilta der dei er, og elles dei eksisterande reglane fram til forkøyrsvegskilta er snudde. Vikepliktreglane gjeld uansett, seier også Tveit.

Tveit fortel at dei ikkje vil snu forkøyrsvegskilta før dei er heilt ferdige med arbeidet.

– Grunnen til at vi ikkje har snudd dei enno, er at ikkje alle er sette opp, og då vil det bli feil for trafikantane, seier Tveit.

Han legg til at arbeidet med skiltinga vil vera ferdig i slutten av veke 15, eller tidleg veke 16.

(+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags