Mann i 60-åra omkom

Det opplyser lensmann Sigurd Børve til Kvinnheringen onsdag ettermiddag. Familie av mannen er varsla.

DEL

Mannen som er frå Kvinnherad omkom truleg som følgje av akutt sjukdom, ifølgje politiet.

Det var klokka 11.34 at operasjonssentralen ved Vest politidistrikt melde om hendinga i Uskedalen.

Sjåføren som var åleine i bilen skal ha køyrt av vegen og gjennom eit gjerde ovanfor barneskulen. Bilen køyrde over fortauet ved busslomma på staden, flata ut to gjerdepålar, fortsette ned ei skråning og trilla rundt 50 meter ut på jordet.

Forbipasserande fekk føraren ut av bilen og starta hjarte- og lungeredning.

– Dei første som kom til staden gjorde alt riktig. Dei fekk tak i ein hjartestartar frå idrettshallen som ligg like ved. Brannmannskap overtok jobben til helsepersonell var framme. Dei første som kom til staden gjorde meir enn ein kan forventa, dessverre så var det ikkje nok denne gong, seier Børve til Kvinnheringen.

Etter iherdige gjenopplivingsforsøk blei mannen erklært død på staden rundt ein time etter at ulukka vart meld. Luftambulanse kom til staden, utan at helikopteret kom til nytte.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags