Bilist til legevakt i ambulanse etter utforkøyring

Det er svært glatt på vegane måndag morgon. Ovanfor Porsvik måtte politiet dirigera trafikken etter at ein bil hamna i grøfta. (Foto: Jonn Karl Sætre).

Det er svært glatt på vegane måndag morgon. Ovanfor Porsvik måtte politiet dirigera trafikken etter at ein bil hamna i grøfta. (Foto: Jonn Karl Sætre).

DEL

Vest politidistrikt meldte like etter klokka 08 måndag at eit køyretøy hadde hamna i grøfta ovanfor Porsvik på Valen, rundt 300 meter frå Reset-krysset. Alle naudetatar rykte ut.

Politibetjent Sondre Solheim opplyste til Kvinnheringen at det var éin person i bilen.

– Vedkommande er sendt til legevakt for sjekk, sa Solheim.

Politiet starta manuell dirigering av trafikken på staden. Klokka halv ti går trafikken som normalt, melder politiet.

Det er svært glatt på vegane måndag føremiddag, og det kjem meldingar om fleire køyretøy som har sklidd av vegen på vinterføret.


Også ved klosteret på Halsnøy har det skjedd utforkøyring. Foto: David Sjo.

Også ved klosteret på Halsnøy har det skjedd utforkøyring. Foto: David Sjo.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags