Store materielle skadar etter utforkøyring i Rosendal

DEL


Ein personbil har sklidd av vegen i Rosendal i morgontimane måndag, opplyser politiet til Kvinnheringen.

Uhellet skal ha skjedd nedanfor Skeishagen.

– Bilen skal ha sklidd ut av vegen. Føraren skal ha kome seg ut uskadd, men det er store materielle skadar. Det føregår oppryddingsarbeid på staden, og bilen blir tatt med av bergingskøyretøy, fortel lensmann Sigurd Børve like før klokka ti måndag.

– Det er veldig varierande køyreforhold langs vegane i kommunen i dag. Vi vil be folk vera merksame og køyra etter forholda, legg Børve til.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags