Tre bruksforbod og ei avskilting etter storkontroll på Halsnøy

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Statens vegvesen hadde onsdag føremiddag kontroll på Halsnøy, der bilbelte, dekk og lys blei sjekka.

Totalt blei 96 køyretøy vinka inn, melder vegvesenet i ei pressemelding.

Fem kontrollsedlar blei skrive ut. Éin bil blei avskilta grunna manglande periodisk kontroll, medan tre fekk bruksforbod. Statens vegvesen opplyser at årsak for bruksforboda var lys/førarrett. To blei også melde til politiet, der førarrett og lys var årsak.

Les også:

Mista lappen for alltid 1 

Mista lappen for alltid 2

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags