Måtte redda seg ut då lastebilen enda i elva i Austrepollen

FLAKS: Sjåføren av lastebilen vart gjennomvåt då han måtte berga seg sjølv opp frå den iskalde elva måndag, etter at lastebilen han køyrde kom ut av kontroll på glattisen. (Foto: Jakob Gjerde).

FLAKS: Sjåføren av lastebilen vart gjennomvåt då han måtte berga seg sjølv opp frå den iskalde elva måndag, etter at lastebilen han køyrde kom ut av kontroll på glattisen. (Foto: Jakob Gjerde).

DEL

Måndag kveld like etter klokka 19 enda ein PostNord-lastebil i elva i Austrepollen. Det var svært glatt på staden, opplyser politiet.

Køyretøyet kom under vatn, og føraren måtte ta seg ut på eiga hand. Han kom uskadd frå det, ifølgje politiet.

Naudetatar og politi frå Hardanger lensmannsdistrikt rykte ut, og føraren vart teken med til legevakta av ambulansepersonell for sjekk.

– Det gjekk veldig roleg for seg, men det kunne vorte dramatisk om han hadde hamna ein halvmeter lengre ut. Då hadde hytta hamna under det iskalde vatnet, og det er frykteleg straum i elva, seier Jakob Gjerde til Hardanger Folkeblad.

Måndag kveld skulle han henta ein siloball til kyrne sine heime på garden i Mauranger.

Han skulle kryssa vegen då han vart obs på lastebilen som køyrde i elva ved FV551 i Austrepollen.

– Eg køyrde heim i full fart og henta ATVen. Det var komme ein annan bil til staden då eg kom, og sjåføren kom krypande opp, fortel Gjerde til avisa.

Gjerde tok sjåføren med seg heim og fekk på han varme klede, slik at han fekk i seg varmen før politiet kom.

– Det gjekk bra, men det kunne gått steike gale om han hadde hamna litt djupare i vatnet, fortel Gjerde og legg til at sjåføren «hadde veldig flaks».

Les også:

«Piggskallar, jævlar og pikkar», raste 33-åringen mot politiet etter å ha yppa til slagsmål

To mindreårige måtte overnatta hos politiet etter russefest i Omvikdalen

Artikkeltags