Trafikkuhellet måndag: Hadde ordna opp før naudetatane kom

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel

Eit trafikkuhell mellom Sundal og Furebergfossen førte til storutrykking måndag kveld. Meldingane til politiet var dramatiske, men uhellet viste seg å vera utan personskader.

DEL

Politi, ambulanse og brannmannskap rykte ut til Sundal måndag like før klokka 17, etter melding om ei ulukke. Branntropp og ambulanse frå Odda rykte også ut mot staden. Men då naudetatane kom til staden fann dei ingen.

– Meldinga virka dramatisk, men vedkommande som ringte inn hadde ikkje vore på plassen og kunne derfor ikkje ta ei vurdering på kor alvorleg trafikkuhellet var. Etter noko avklaring viste det seg at ein varebil og ein lastebil hadde møttest på trong veg, og at føraren av varebilen hadde mista kontroll og køyrt av vegen. Førarane hadde skrive ut skademelding, og varebilen blei henta før vi kom til staden. Føraren av varebilen blei teken med til legevakt i Odda for ein sjekk etter uhellet. Det var ingen alvorlege personskader, fortel politioverbetjent Sigurd Børve til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags