Traktorvelt i Uskedalen

Artikkelen er over 4 år gammel

Rundt klokka 07.15 laurdag morgon fekk politiet melding om ein traktor som hadde velta i Uskedalen.

DEL

Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut til staden der traktoren hadde velta og sperra vegen, eit stykke nedanfor Dønhaug gardsbarnehage. På Twitter skreiv politiet at føraren var bevisst og sannsynlegvis uskadd. 110 Hordaland skreiv på Twitter at det var noko lekkasje frå traktoren. Den måtte heisast opp på hjula igjen av ein kranbil.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags