Krasja i tunnelveggen

Politiet og dei andre naudetatane kom raskt til ulukkesstaden. (Foto: Tomas Bruvik).

Politiet og dei andre naudetatane kom raskt til ulukkesstaden. (Foto: Tomas Bruvik).

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein bil krasja i tunnelveggen i Halsnøytunnelen torsdag ettermiddag. Føraren var alvorleg skadd, og luftambulanse er på staden. Tunnelen er stengt, og det er kø i begge retningar.

DEL

Politiet fekk melding rundt klokka 16.45, om at ein bil hadde krasja midt i Halsnøytunnelen. Naudmeldinga kom direkte frå bilen, som sendte koordinatar til redningssentralen, og vakthavande der fekk kontakt med føraren. Han var bevisst, men omtåka og forvirra. Ifølgje opplysningane politiet fekk sat mannen fastklemt i bilen, og fordi begge airbagane var løyst ut rykte alle naudetatar ut til ulukka. Rundt 16.58 var mannen frigjort frå bilen, og blei teken med i ambulanse. Luftambulansen er også på staden. Skadeomfanget og årsaka til ulukka er førebels ukjent.

Politi og brannvesen er no inne i tunnelen, som er stengt etter ulukka. Det er kø i begge retningar.

Politibetjent Sondre Solheim seier til Kvinnheringen at han ikkje veit når tunnelen blir opna igjen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags