Ulukke i Halsnøytunnelen - seks personar skadde

Alle naudetatar rykte like ved midnatt ut til ei ulukke i Halsnøytunnelen. Bildet er tatt på Husnes-sida. Foto: MMS-tipsar.

Alle naudetatar rykte like ved midnatt ut til ei ulukke i Halsnøytunnelen. Bildet er tatt på Husnes-sida. Foto: MMS-tipsar.

DEL

Ti minutt over midnatt torsdag fekk politiet melding om ei bilulukke i Halsnøytunnelen, og alle naudetatar rykte ut.

Vest politidistrikt meldte først at det totalt var fem personar i bilen som hamna i fjellveggen, men endra seinare talet til seks. To luftambulansar vart tilkalla og tunnelen stengd.

– Det er ei singelulukke, og det var seks personar i bilen. Ambulansepersonell på staden melder at alle er skadde. Fem av dei er våkne, medan ein person skal vera bevisstlaus. Ingen er fastklemt, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Lars Geitle, ifølgje BA.

Skadeomfanget er så langt ukjent.

Bilen dei seks køyrde, skal vera ein vanleg personbil registrert for fem personar.

– Det er store materielle skadar på bilen, og det skal ha vore snakk om høg fart. Det var ungdommar som sat i bilen, sa vaktkommandør ved 110-sentralen, Sigbjørn Villanger, til BA like før klokka 01.00.

Tips oss på redaksjon@kvinnheringen.no!

Det har den siste tida vore fleire alvorlege hendingar i Halsnøytunnelen. 13. desember køyrde ein bilist i tunnelveggen og blei alvorleg skadd. Han vart frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus med ambulansehelikopter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags