Mann omkom i trafikkulukke i natt

Ein mann omkom i ei ulukke på Opsangervegen natt til onsdag.

Ein mann omkom i ei ulukke på Opsangervegen natt til onsdag.

DEL

Ein mann i slutten av tenåra er bekrefta omkomen etter at bilen han sat i gjekk rundt på Opsangervegen i natt. Vegen blei stengd frå Kvinnherad vidaregåande skule og til rundkøyringa ved Halsnøytunnelen.

Ulukka skjedde like etter klokka 01.30 natt til onsdag. Det var to personar i bilen.

En annan mann blir av politiet omtalt som alvorleg eller kritisk skadd, og er frakta til sjukehus i Stavanger med luftambulanse.

Det vart etablert eit kriseteam ved Husnestunet, der personar som ville kunne ta kontakt.

– Bilen har snurra og gått rundt. Den eine personen var bevisst då naudetatane kom til staden. Den andre fekk hjarte-lunge-redning, men er dessverre bekrefta omkomen, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet ved 03.30-tida natt til onsdag, ifølgje BT.

Ulukka skjedde mellom Kvinnherad vidaregåande og Røsslandslia. Køyretøyet var på veg til Husnes. Det skal ha vore glatt på staden, ifølgje politiet. Årsaka til ulukka er ikke kjent.

Les også: – Det verste eit lite lokalsamfunn kan oppleva

Foto:

 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags