– Det aller viktigaste er å ha det kjekt saman med andre

FULL RULLE: 41 psykisk utviklingshemma hadde det moro i Uskedal Aktivitetshuset søndag. (Foto: Hilde Lande Eikeland).

FULL RULLE: 41 psykisk utviklingshemma hadde det moro i Uskedal Aktivitetshuset søndag. (Foto: Hilde Lande Eikeland).

Artikkelen er over 1 år gammel

Psykisk utviklingshemma storkoste seg i Uskedalen søndag.

DEL


Kvinnherad lokallag av Norsk forbund for utviklingshemma (NFU) sin årlege aktivitetsdag gjekk denne gongen føre seg i Uskedal Aktivitetshus 16. september. 41 utviklingshemma frå Kvinnherad og Hardanger og 17 leiarar var i sving heile dagen med ymse aktivitetar, fortel Hilde Lande Eikeland i lokalstyret.

På programmet stod klatring i klatrevegg, mange ballaktivitetar, kunstmaling, brettspel og meir til. Sjølvsagt var det òg mat å få, for eksempel pølser og brus.

– Deltakarane storkoste seg. Her fekk dei både trim og sosialt fellesskap, fortel Eikeland frå arrangementet.

– Også leiarane fekk trim, ettersom vi måtte bruka kjøkenet på skulen. Men med god innsats frå heile styret, gjekk det svært bra, legg ho til.

Spesielt vil ho rosa Magnhild Haugland, som ikkje er i styret, for at ho tok på seg oppgåva med å vera sikringsansvarleg i klatreveggen.

– Vi måtte jobba iherdig for å finna nokon til denne viktige oppgåva, og Magnhild var den som sa ja. Det sette vi stor pris på, rosar Eikeland.

Lokallaget av NFU skipar årleg til slik aktivitetsdag på ulike stader i kommunen. Denne gongen var dagen sponsa av Sparebank 1-stiftinga. Andre faste arrangement for dei psykisk utviklingshemma er julebord i desember og kjekke medlemskveldar fleire gonger i året.

– Det aller viktigaste for medlemene er å ha det kjekt saman med andre. Derfor prøver vi å leggja til rette for det, seier Hilde Lande Eikeland.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags