Byggjer 300 kvm. stor fellesgarasje

Grunnarbeidet er i gang, like ved Triohuset. Dette bildet vart tatt torsdag.

Grunnarbeidet er i gang, like ved Triohuset. Dette bildet vart tatt torsdag. Foto:

DEL

Like ved Triohuset på Husnes er det no starta grunnarbeid for ein 300 kvadratmeter stor fellesgarasje. Prosjektleiar i kommunen, Anne Guri Kildal, opplyser at prislappen er om lag tre millionar kroner. Og finansieringa er det kommunen og idrettslaget som står for, inkludert spelemidlar.

Garasjen skal husa køyrety og ustyr knytt til idrettsanlegga og idrettslaget. Byggjeleiar er Lena Aakre Sjo som nyleg tok til i ny jobb i kommunen, medan det er Halsnøy Trelast som utfører jobben.

Leiar i IL Trio, Knut Prestnes, gler seg over samarbeidet med kommunen, og ser fram til at garasjen står ferdig:

– Vi har minibuss og mykje utstyr som ligg ute som vil få tak over hovudet og meir praktisk lagring. Til dømes har vi hoppematter som blir køyrt rundt i bygda – når garasjen står ferdig får vi lettvint lagring like ved stadion.

Prestnes rosar elles den såkalla «onsdagsgjengen» som har rydda tomta. Delar av Trio sin innsats i prosjektet handlar om dugnadsarbeid.

– I same slengen som garasjen blir bygd, skal vi utvida parkeringsplassen ved Triohuset og gjera plenen ved huset meir horisontal og anvendeleg, til dømes når vi arrangerer Husnescupen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags