Strålande forhold på Kom deg ut-dagen i Fjellhaugen

SOL: Nysnø, sol og vindstille forhold møtte alle som var med på kom deg ut-dagen i Fjellhaugen på søndag. (Foto: Privat).
Fleire møtte søndag opp i Fjellhaugen for å få med seg god vinterstemning.
Med sol og vindstille forhold, var det mange familiar som kosa seg på Den Norske Turistforeining (DNT) sin "Kom deg ut"-dag i Fjellhaugen. Trekket var ope for nedoverski-entusiastane, medan dei som føretrekk langrenn kunne gå i preparerte langrennsløyper. For dei minste var det gode forhold for å aka.
– Det har vore heilt perfekte forhold, sa ein kar som hadde teke dottera si med ut i snøen.
Det var sett opp to bålpanner, slik at ein kunne grilla seg litt mat, og eit par reve-maskotar gjekk rundt for å underhalda dei små.
– Det var ein raud og ein blå rev her, ein veldig kjekk attraksjon for dei minste, avslutta karen etter ein kjekk dag ute i det fri.
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!