Turbinen sviv på Hjelmeland

KRAFTVERK: Eivind Tvedt (t.v.) og Svein Hjelmeland har investert kring 10 millionar kroner i Ilaget Energi på Hjelmeland, eit anlegg som årleg skal produsera mellom 7 ½ og 8 GWh.

KRAFTVERK: Eivind Tvedt (t.v.) og Svein Hjelmeland har investert kring 10 millionar kroner i Ilaget Energi på Hjelmeland, eit anlegg som årleg skal produsera mellom 7 ½ og 8 GWh.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Onsdag ettermiddag kunne ordførar Synnøve Solbakken trykkja på knappen og setja turbinen i drift ved Ilaget Energi AS sitt småkraftverk på Hjelmeland i Omvikdalen.

DEL

Bortimot 40 gjester var til stades då turbinen byrja sviva i kraftanlegget som årleg skal kunna produsera mellom 7 ½ og 8 GWh. Bak prosjektet står Svein Hjelmeland og Eivind Tvedt, som fortel at bortsett frå kraft til eige forbruk – hushaldningsstraum og straum til Revuro Sameige – så går heile produksjonen inn på nettet til Kvinnherad Energi.

Ilaget Energi nyttar vatnet frå Tveiteelva, og er det andre kraftanlegget som tek vatn frå denne elva. For om lag 10 år sidan sette Eivind Tvedt i drift Tveiteelvfallet 1, som gjennom desse åra har produsert kring 0.6 GWh årleg.

– Meininga er at så lenge det er rikeleg med vatn i elva skal vi køyra begge kraftverka. Men i turkeperiodar vert det i minste laget med vatn, og då er det meininga å stengja ned Tveiteelvfallet, fortel Eivind.

Det nye kraftanlegget har inntaket sitt på Kanten, kring 600 meter over havet. Fallhøgda er på 440 meter, og slukeevna er 500 liter i sekundet. For å få vatnet ned til kraftstasjonen er det lagt kring 1200 meter røyr.

Medrekna eigeninnsatsen er det investert kring 10 millionar kroner i det nye kraftanlegget på Hjelmeland.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags