Nok ein rekordsesong i Hardangerfjorden

Cruise: I 2005 kom Queen Mary 2 til Eidfjord. Denne sesongen har 88 skip gjesta hamna. Arkiv:Destinasjon Eidfjord

Cruise: I 2005 kom Queen Mary 2 til Eidfjord. Denne sesongen har 88 skip gjesta hamna. Arkiv:Destinasjon Eidfjord

Artikkelen er over 1 år gammel

Cruisesesongen i Hardangerfjorden er over for i år. Status er rekord med 109 skip og 149.000 passasjerar.

DEL

(Hardanger Folkeblad): Det er opp 21 prosent i talet på skip og 22 prosent i tal passasjerar frå året før.

Dette melder Helge Møller i ei pressemelding frå Cruise Destination Hardangerfjord.

Flest turistar kjem frå Tyskland, 70.000, dernest kjem Storbritannia med 30.000 og USA med 27.000.

Får alt bestillingar for 2021

Eidfjord er den surverent største cruisehamna. I år var det 88 skip her og 134.000 passasjerar. Hamna har ei øvre grense på to skip om dagen og har vore fullbooka 13 dagar i sommar.

Til no er det notert 95 skip i 2019 og 102 i 2020. Og alt no kjem det inn bestillingar for 2021.

 

Helge Møller skriv at mykje av framgangen kjem av utviklinga ved Norsk Natursenter og oppgradering ved Vøringsfossen. Nye produkt, som Hardanger Fjordsafari, e-car og Tunet på Haugen bidreg òg til populariteten.

Dette tyder på at dei store investeringane i kommunen alt har vore ein suksess, meiner han.

Rosendal med størst auke

- Rosendal har hatt ein formidabel auke; frå fire anløp og 800 passasjerar i 2017 til 19 anløp og 13.000 passasjerer i år.

Bestillingane neste år ser òg lovande ut. Etableringa av aktivitetsselskapet Rosendal Event har resultert i mange turmoglegheiter og nye attraksjoner i og utenfor Kvinnherad. Det er et håp om at Folgefonnsenteret på lengre sikt også vil nyta godt av cruisetrafikken til Rosendal, skriv Møller.

Ulvik heng etter

- Dessverre ser Ulvik ut til å tapa i konkurransen med sine nabohamner, står det i pressemeldinga.

 Med berre fire anløp og 3.600 passasjerer er det ein sterk nedgang fra 2017 med 12 anløp og 17.000 passasjerer.

I presseskrivet står det at ei vesentleg årsak er det at Ulvik ligg så nær Eidfjord at reiarlaga føretrekker kaien framfor å ankra opp i Ulvik. Så kan dei senda passasjerene med buss over Hardangerbrua. Ulvik har også langt færre attraksjonar enn nabobygda. Likevel er frukt- og sidergardane populære og desse har hatt fleire gjester frå skipa.

 

Ny rapport: Talet på cruiseturistar i Noreg kan dobla seg 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags