Selde billettar for nær seks millionar kroner frå turistkontoret

Cruise: I 2005 kom Queen Mary 2 til Eidfjord. Denne sesongen har 87 skip gjesta hamna. Arkiv: DESTINASJON EIDFJORD

Cruise: I 2005 kom Queen Mary 2 til Eidfjord. Denne sesongen har 87 skip gjesta hamna. Arkiv: DESTINASJON EIDFJORD

Artikkelen er over 1 år gammel

Destinasjonsselskap ser tydleg ringverknadane av cruise i og rundt Eidfjord.

DEL

(Hardanger Folkeblad): – Me opplever at det «poppar» opp bedrifter, seier den daglege leiaren for Destinasjon Eidfjord, Marit Stadheim.

– Me er eit godt døme på at det går å tena pengar på cruise

Ho trekkjer fram Hardanger Fjordsafari AS som eit godt døme. I år har Stadheim og kollegaene på turistkontoret i bygda tatt hand om 86 skip og er snart i mål med eit nytt rekordår. Det siste skipet i år, det fjerde no i oktober, kjem 23. oktober.

– Ein fantastisk sesong. Frå 1. april til 30. september har me seld billettar for nær 6 millionar kroner frå turistkontoret på kaien. Ikkje berre til cruisegjester, men mest. Stadheim forklarar at omtrent 5,5 millionar av desse dreier seg om lokale aktørar. Døme på sal er tur til Norsk Natursenter og Vøringsfossen, Flat Earth Adventures sine aktivitetar, sykkelutleige, kanoutleige og tur med tog på hjul rundt i bygda. I tillegg går det mange busslaster ut av bygda. Til dømes til Ulvik, Rosendal, Voss og Geilo.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags