Inviterer til lunsj med meining

TV-aksjonen 2019 går til inntekt for Care sitt arbeid for kvinner. På onsdag blir det lunsj til inntekt for aksjonen i kantina på Rådhuset. Her frå dagleglivet i Kagadama, Niger, ein landsby der Care starta eit pilotsparings- og låneprogram for meir enn 25 år sidan.

TV-aksjonen 2019 går til inntekt for Care sitt arbeid for kvinner. På onsdag blir det lunsj til inntekt for aksjonen i kantina på Rådhuset. Her frå dagleglivet i Kagadama, Niger, ein landsby der Care starta eit pilotsparings- og låneprogram for meir enn 25 år sidan. Foto:

Syrisk og kurdisk mat står på menyen i rådhuskantina onsdag føremiddag. Alle er inviterte, og inntektene går til TV-aksjonen 2019.

DEL

TV-aksjonen 2019 går av stabelen førstkomande søndag, og går i år til Care sitt arbeid for å skapa eit betre liv for kvinner i nokon av dei mest sårbare områda i verda. TV-aksjonen skal gje kvinner høve til å tena eigne pengar, bestemma over eigen kropp og få stemma si høyrd. Kommunestyret vedtok tidlegare i haust å gi tre kroner per innbyggjar til TV-aksjonen. Og no er kommunen vert for arrangementet «Mat med meining».

– Førstkomande onsdag skal tre syriske og kurdiske damer laga spennande matretter, som vi sel i rådhuskantina. Alle er velkomne, og inntektene går til TV-aksjonen 2019, seier kulturkonsulent Anita Lykkja i Kvinnherad kommune.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags