Hydro sine produksjonsanlegg finst i dag på Karmøy, Sunndal, Årdal, Høyanger, Sogn, Husnes, Røldal-Suldal, Rjukan, Magnor, Vennesla og Holmestrand.

Dette gir engasjement og ei lokal forankring til TV-aksjonen sitt arbeid i store delar av Norge.

– Vi er glade for å kunna bidra til arbeidet med å skapa eit varmare og meir inkluderande samfunn. For Hydro er det viktig å vera med og motverka utanforskap i Norge i dag. Dette er ein nasjonal dugnad, så eg oppmodar alle våre tilsette til å delta som bøsseberarar i sine lokalsamfunn, seier fabrikksjef Johan Berg ved Hydro Husnes.

Hydro er ikkje berre ein av verdas leiande aluminiumsprodusentar, men eit selskap med sentrale verdiar og ei formålserklæring som handlar om å vera med å skapa livskraftige samfunn.

– Både inkludering og samfunnsbygging er viktige verdiar for Hydro som selskap, og det er derfor heilt naturleg for oss å bidra inn til TV-aksjonen og Kirkens Bymisjon sitt arbeid, fortel Johan Berg.

Fakta om TV-aksjonen

TV-aksjonen er blitt arrangert ein søndag i oktober kvart år siden 1974.

I år går TV-aksjonen av stabelen 21. oktober.

Årets TV-aksjon går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skapa eit varmare samfunn ved å opna dører og skapa fleire møtestadar for mennesker som har falle utanfor.

NRK TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon.

Kvart år besøker 100.000 bøsseberarar Norge sine 2,3 millionar husstandar.

Over 7000 frivillige jobber fram mot aksjonsdagen for å mobilisera 100.000 bøsseberarane.