Asad blir kasta ut av Norge

UDI har bestemt at denne samansveisa familien skal splittast. Ein advokat jobbar med saka. Frå venstre: Shokria, Narges, Zahra og Asad.

UDI har bestemt at denne samansveisa familien skal splittast. Ein advokat jobbar med saka. Frå venstre: Shokria, Narges, Zahra og Asad.

Etter to år saman med familien på Husnes har Asad Sakhizadah (40) fått ordre om å forlata landet, kone og to born.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Også i Kvinnherad bur det afghanarar som norske styresmakter ikkje vil ha i landet. Afghanistan er trygt nok, seier UDI. Nei, seier dei som har opplevd noko anna. Etter to år saman med familien på Husnes har Asad Sakhizadah (40) fått ordre om å forlata landet, kone og to born. Familien kom hit for snart sju år sidan og har fått fast opphald. Asad kom som asylsøkjar for to år sidan, etter fleire månader i fangenskap under krevjande tilhøve i heimbyen Kunduz. Utlendingsdirektoratet (UDI) har avslått asylsøknaden hans, grunngitt med at heimlandet hans er trygt nok, i alle fall om han buset seg i hovudstaden Kabul i staden for heimbyen Kunduz.

– Afghanistan er ikkje trygt. Kabul er kanskje tryggare enn Kunduz, men eg har verken, plass å bu, jobb eller kjende i hovudstaden. Eg anar ikkje korleis eg skal ordna meg der, seier han alvorleg.

Kona treng jobb

Om kona hadde hatt fast jobb, kunne Asad ha søkt om familiegjenforeining – og truleg fått det. Problemet er at kona Shokria (37) ikkje har klart å skaffa seg fast arbeid. No jobbar ho som reinhaldar ulike stader under Nav. For styresmaktene er ikkje det godt nok. Kravet er fast jobb med ei minimumsinntekt på 305.200 kroner i året, eit tal som vart kraftig oppjustert i fjor.

– Det er ikkje lett å få fast jobb for meg som ikkje har utdanning, og som heller ikkje snakkar godt norsk, sukkar Shokria.

I mellomtida må familien klara seg utan barnefaren, meiner UDI.

– Kva jobb kunne du tenkt deg, Shokria?

– Gjerne ein fast vaskejobb. Vasking er noko eg kan, og i slike jobbar er det vanlegvis ikkje så farleg om norsken ikkje er perfekt, held ho fram.

Viss nokon som les dette har eller veit om ein ledig vaskejobb, er Shokria med andre ord svært interessert i å koma i betraktning.

Gråt

Ein jobb ville altså løyst dei fleste problema familien slit med i dag. Mannen hadde fått opphald, i staden for å gå ei usikker framtid i møte i Afghanistan. Kona og borna ville fått nattesøvnen og roa tilbake, og eit vanleg familieliv kunne endeleg begynt.

– Vi gret mykje. Både jentene våre og vi vaksne. Vi er redde for korleis det skal gå med oss. Om vi berre kunne få halda saman, ville alt vorte mykje lettare for oss, seier Shokria.

Ved sida av henne sit to fine jenter på 10 og 11 år, sterkt prega av alvoret, redde for både lagnaden til far og framtida til resten av familien. Jentene er helst tause, men må av og til vera tolkar i samtalen. Begge er elevar på Undarheim skule og snakkar upåklageleg Husnes-dialekt. Men den barnlege gleda over livet er bytt ut med redsel for kva framtida vil bringa og sorg over at faren må reisa til noko som kan vera farleg for han.

Håpar på unntak

Asad har klaga avslaget på asylsøknaden inn for Utlendingsnemnda (UNE). Men UNE såg ingen grunn til å gjera vedtaket om og avviste klagen. Fristen til å forlata landet vart sett til. 6. februar. I staden for å søkja økonomisk støtte og gjera seg klar til å reisa, valde Asad å kontakta advokat Arild Birkeland hos Advokatfirmaet Responsa. Med fullmakt frå Asad spør vi advokat Birkeland om kva han kan gjera og korleis saka står.

– Dessverre er det mange eksempel på at ein ikkje kjem nokon veg i slike saker, men eg ser god grunn til å gjera eit skikkeleg forsøk. I dette tilfellet har eg i første omgang skrive til UDI og bedt om ei utsetjing av utreisefristen til vi har gjort klar ein ny søknad om familiegjenforening, fortel advokaten.

– På kva grunnlag kan det skje?

– Vi vil be UDI gjera eit unntak når til gjeld mor si inntekt. Det hender UDI gjer slike unntak av menneskelege omsyn. Med tanke på borna håpar vi at det kan gjerast her, seier Birkeland.

Også på eit anna punkt må det gjerast unntak, forklarer han vidare. Det heiter seg at søknad om gjenforeining skal sendast frå eit land der ein har hatt fast opphald i minst seks månader.

– Vi vil oppmoda UDI om å sjå vekk frå det punktet òg, slik at Asad slepp å reisa ut for å søkja om å få koma tilbake, meiner Birkeland.

– Kan Asad i mellomtida risikera å bli henta av politiet?

– Formelt sett kan han det, men eg trur det ikkje. Uansett tek dei ei stund for politiet å skaffa seg den dokumentasjonen som krevst i slike tilfelle.

– Har familien Sakhizada ei god sak?

– Vanskeleg å svara på, men eg håpar det.

Artikkeltags