Vest politidistrikt meldte klokka 10.10 måndag føremiddag om ei arbeidsulukke der ein person har falle ned i ein silo i Matre.

Mannen er tatt opp og er vaken, skreiv operasjonssentralen.

– Vedkomande skal vera bevisst. Eg veit ikkje så mykje meir enno. Tilstanden hans er ukjent. Ambulanse, brannvesen og politi er på staden, sa Stig Dagfinn Tveiten, politioverbetjent ved Kvinnherad lensmannskontor, til Kvinnheringen.

OPPDATERT: Klokka 10.54 melder Vest politidistrikt at dei avsluttar på staden, og at det truleg er helserelatert. Mannen har sannsynlegvis ikkje falle ned, og det skal ikkje vera fare for forgiftning, melder dei.