Ungdom i 20-åra med luftambulanse til Haukeland

Ein ung mann hamna utanfor vegen ovanfor Porsvik fredag. Han vart frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus. Foto: Jonn Karl Sætre.

Ein ung mann hamna utanfor vegen ovanfor Porsvik fredag. Han vart frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus. Foto: Jonn Karl Sætre.

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein mann i 20-åra er hardt skada etter ulukka fredag.

DEL

Fredag like før klokka 12.30 rykte alle naudetatar ut til ei ulukke i på Rv 48 ovanfor Porsvik på Valen.

Ein ungdom i 20-åra, på ein lett motorsykkel, hamna utanfor vegen og trefte autovernet, opplyser Kvinnherad lensmannskontor til Kvinnheringen.

Det skal ikkje vera snakk om ein kollisjon. Luftambulanse landa i krysset ovanfor bensinstasjonen på Reset. Mannen, som vart hardt skada, vart så frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus i ambulansehelikopteret.

– Det er den informasjonen vi kan gå ut med på noverande tidspunkt. Vi skal no undersøkja årsaka til ulukka nærmare. Det får vi hjelp til av ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen, seier fungerande lensmann Sigrud Børve.

I ein periode var trafikken på Reset heilt sperra etter ulukka fredag ettermiddag.

Vegen vart sperra av opp mot Reset etter ulukka. (Foto: Tipsar).

Vegen vart sperra av opp mot Reset etter ulukka. (Foto: Tipsar).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags