I gang med pilotprosjekt ved Rosendal ungdomsskule

Over 40 niandeklassingar ved Rosendal ungdomsskule har takka ja til eit heilt nytt tilbod om ettermiddagane kvar tysdag.

DEL


«Folkehelseprosjektet» er eit samarbeid mellom Rosendal Turnlag, Rosendal ungdomsskule og Kvinnherad kommune.

Alle niandeklassingane får mat når skuledagen er ferdig. Etterpå får dei leksehjelp før dagen blir avslutta med fysisk aktivitet.

Jonathan Byrkjenes, dagleg leiar i Rosendal Turnlag, fortel til Kvinnheringen at det i første omgang er eit pilotprosjekt ut skuleåret. Går det bra, håpar han det blir permanent, og at dei andre ungdomsskulane får tilbodet frå og med neste haust.

Kvinnherad kommune har søkt fylket om midlar, og fått det. Målet er å styrka inkluderingsarbeidet og psykisk helse blant ungdomen.

Byrkjenes er med som trenar, medan Omvikdalen Bygdekvinnelag står for maten.

– Det har vore kjekt, og det er sosialt å få trena saman på denne måten etter skulen. Det er fint når alt er gjort når vi kjem heim, fortel 14-åringane Astrid Øyre og Hedda Svendsen til Kvinnheringen.

Nikolai Stüter Vågen (14) er samd:

– Det er bra med aktivitet etter at vi har fått mat og gjort leksearbeidet, seier han.

Lærar ved Rosendal ungdomsskule, Sverre Myklebust, er spent på evalueringa av pilotprosjektet.

– Det ser ut som at dette er noko som kan fungera. Elevar har etterlyst tid på skulen til å få gjort lekser. Derfor blir det interessant å sjå i evalueringa om dette gir det dei har spurd om, seier Myklebust.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags