Mathjelp til dei som treng det

GRATIS MAT: Kvinnherad Ungdomssenter vil nå ut til dei som slit med å få endane til å møtast, og som treng hjelp i kvardagen. Dei kan få gratis mat frå ungdomssenteret takka vere samarbeidet med Trude Beckholdt som driv tilbodet «Hjelp til å hjelpe». Her får ho hjelp av Geir Ingvard Remme til å lasta av varer som blir lagra i ungdomssenteret sine lokale på Husnes. (Foto: Geir Remme).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnherad Ungdomssenter samarbeider med «Brøddamo» og vil nå ut med eit nytt tilbod til dei som treng mat.

DEL

Kvinnherad Ungdomssenter finn stadig nye samarbeidspartnarar og tilbod til brukarane sine. Det nyaste tilbodet er eit samarbeid med «Brøddamo/Os og omegn (Hjelp til å hjelpe)» som du finn på Facebook, ved Trude Beckholdt.

Beckholdt samlar inn overskotsmat frå butikkar og får i tillegg mat frå Matsentralen i Bergen. Desse leverer ho ut til trengande, og no samarbeidar ho altså også med ungdomssenteret. Brukarane der og familiane deira kan no nytta godt av tilbodet, men ungdomssenteret skriv på Facebook-sida si at dei treng hjelp til å formidla tilbodet.

– Vi ønskjer at maten vert nytta målretta og fornuftig til dei som treng litt ekstra hjelp. Vi lovar at dei som ønskjer det kan nytta seg av tilbodet anonymt, utan fokus på enkeltpersonar. Vi stiller ingen spørsmål, og dei som treng mat kan komma på ungdomssenteret i opningstida på kvelden på måndagar, onsdagar, fredagar og søndagar, skriv ungdomsleiar Geir Remme på Facebook-sida.

Han legg til at ein satsar på at ingen uærlege sjeler vil utnytta tilbodet negativt.

– For tida har vi mykje brød, suppe, potetsalat, og litt kjøt og fisk å gje vekk, skriv han vidare.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags