Arrangerer folkemøte i Uskedalen

POPULÆRT: Klatring i Uskedalen blir stadig meir populært. No jobbar ein for å få til eit påbygg til fleirbrukshallen som kan fungera som klatresenter. Arkivfoto.

POPULÆRT: Klatring i Uskedalen blir stadig meir populært. No jobbar ein for å få til eit påbygg til fleirbrukshallen som kan fungera som klatresenter. Arkivfoto.

Prosjektgruppa for nytt klatre/aktivitetssenter inviterer til folkemøte på ettermiddagen den 12. september i Aktivitetshuset i Uskedalen.

DEL

Med sin alpine natur og karakteristiske granittveggar er Uskedalen i Kvinnherad kommune eit reisemål av internasjonal storleik, skriv pro-sjektgruppa i pressemeldinga. Dit kjem klatrarar frå mange ulike nasjonar for å klatra i Ulvanåsa-massivet. Kombinasjonen av fantastisk steinkvalitet og utsikt til både bre, fjord og fjell gjer Uskedalen til eit eldorado for klatring og anna bratt friluftsliv.

Desse moglegheitene blir også i aukande grad nytta av lokale entusias-tar, og ein har dei siste åra sett ein framvekst av eit lokalt klatremiljø beståande av barn, ungdommar og vaksne. Dette kjem som eit resultat av idrettslaget si systematiske og målretta satsing på å utvikla lokale klatrefelt. Idrettslaget har også oppgradert den vesle klatreveggen som allereie er i Aktivitetshuset, og har halde kurs, dugnadar og samlingar. For å sikra at miljøet etablerer seg skikkeleg må fasilitetane betrast.

Idrettslaget si målsetjing er følgjande:

1) Ein ønskjer å byggja eit klatresenter som påbygg til den eksisterande fleirbrukshallen i Uskedalen, og å sikra at klatresenteret blir interessant også for klatreturistar i området. Ein har som ambisjon at dette skal bli eit regionalt klatresenter som står i stil med dei moglegheitene som finst utandørs. Ein ser føre seg klatreveggar på opptil 20 meter.

2) Integrert i dette påbygget skal det vera eit moderne styrkerom.

3) Eit påbygg som opnar opp hallen og gjer den meir anvendeleg for fleire brukargrupper er òg eit mål.

Idrettslaget ønskjer at påbygget også skal kunna skapa ein god sosial møteplass og gje rom for ei rekkje varierte aktivitetar for alle aldersgrupper. Her treng laget innspel på kva andre aktivitetar ein skal leggja til rette for i aktivitetshuset.

Folkemøte

Prosjektgruppa vil invitera til folkemøte saman med arkitektane frå Lala.

Ein ønskjer ein open prosess der innbyggjarane får delta, og ser det som viktig at brukarane av bygget vert høyrt for å skapa engasjement, eigarskap og gode innspel. Dette håpar gruppa vil gi eit best mogleg grunnlag for å utforma det framtidige aktivitetshuset.

Under folkemøtet vil det bli ein gjennomgang ved arkitektane og pro-sjektgruppa, og det vil vera gode moglegheiter for å gje innspel. Representantar frå kommunen vil også gje eit innblikk i «inkluderande idrettsanlegg» for å gje inspirasjon til prosessen ein er på veg inn i. Det vil òg bli servert pizza, og derfor ønskjer prosjektgruppa at folk melder seg på via arrangementet til klatregruppa i Uskedalen på Facebook.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags