Etter ønskje frå mange kreftsjuke pasientar og grupper i kommunen, har helselaget i Uskedalen teke initiativ til å ha ein temakafé om kreft i Uskedalen. Det vil vera ein informasjonskveld der kreftpasientar, pårørande og andre interesserte er like velkomne, og alle kreftformer er inkluderte.

– Det er mykje fokus på kreft i oktober månad med «Rosa sløyfe», så det passa å ha temakvelden i den samanhengen. Men det er viktig å understreka at dette er ein kveld for alle, og blant anna blir tematikken omkring prostatakreft teke opp, ei av kreftformene som rammar mange menn, fortel Wanda Eliassen Medhus og Marit Sjøvangen, kreftsjukepleiarar i Kvinnherad kommune.

Helselaget i Uskedalen står for lokale, kaffi og noko godt attåt, medan foredragshaldarar frå Prostataforeininga Fonna, Brystkreftforeininga Stord og Frisklivsentralen i kommunen fortel om arbeidet dei gjer.

På frivillig basis

Kreftsjuke Eva Haugland har saman med pådrivaren Eli Haugan, som nyleg døydde av kreftsjukdommen, teke initiativ for å få i gang informasjonskvelden. Dei synest det mangla eit tilbod der dei som på ein eller annan måte er ramma av kreft i Kvinnherad kunne samlast.

– Det er ynskjeleg at ein på sikt kan oppretta ein temakafé for kreftsjuke og pårørande her i Kvinnherad éin til to gonger i halvåret, på lik linje med det ein finn i Odda og på Leirvik, fortel Eva.

– Det er ikkje berre berre for ein kreftsjuk person å reisa langt, fortset ho.

Kreftsjukepleiarane er samde i det Haugland presiserer.

– Det kan vera dørstokkmila for mange å reisa langt, seier Wanda.

– Samstundes er det viktig å tenka på at ikkje alle har lyst til å møta på naboen når dei først møter opp på temakafé, understrekar Marit.

I første omgang er det arrangementet i Uskedalen som står på programmet, og framtidige møte må vera drifta på frivillig basis.

– Det blir for krevjande med den stillingsprosenten vi har i dag å kunna planlegga og gjennomføra temakafé gjentekne gongar. Derimot vil vi sjølvsagt halda innlegg om tema etter ønskje på framtidige møte, og vera til hjelp og skaffa foredragshaldarar, fortel kreftsjukepleiarane.