– Ein stiller sterkare med fagbrevet

FAGPRØVE: Så langt i år har åtte kandidatar vore gjennom fagprøva. Her ser vi fem av dei, saman med leiinga ved Bu- og habilitering. Frå venstre ser du Solveig Espevik (sit på huk), avdelingsleiar Bente Kari Vassli, Vivian Solheim, einingsleiar Hilde Bakkebø (bak), Bente Hellevik, Reidun Netland og Hildegunn Røssland, utanfor avdelinga i Herøysund.

FAGPRØVE: Så langt i år har åtte kandidatar vore gjennom fagprøva. Her ser vi fem av dei, saman med leiinga ved Bu- og habilitering. Frå venstre ser du Solveig Espevik (sit på huk), avdelingsleiar Bente Kari Vassli, Vivian Solheim, einingsleiar Hilde Bakkebø (bak), Bente Hellevik, Reidun Netland og Hildegunn Røssland, utanfor avdelinga i Herøysund.

Ved Bu- og habilitering i Herøysund har nett den åttande praksiskandidaten fullført fagprøva si så langt i år.

DEL

Bu- og habilitering Nord og Sør er to einingar i Sektor for omsorg, helse og sosial. Einingane yter tenester til barn, unge og vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar med psykisk utviklingshemming.

– Vi vil at brukarane våre skal vera sjølvstendige i liva sine og ha vanlege kvardagar som alle andre. Gjennom å leggja til rette kvardagslege gjeremål og aktivitetar, vil dei få ei mestringskjensle, fortel leiar Hilde Bakkebø.

Per i dag har dei rundt 70 brukarar, der nokon bur fast i bufellesskapa, medan andre er innom på avlasting. I tillegg driv dei eit dagsenter, for både brukarar frå bufellesskapet og heimebuande som tar turen for dagen.

Bakgrunn

– For å kunna kartleggja behov og gjennomføra tiltak, er vi avhengige av å ha kunnskapsrike tilsette som tar vare på helsa og utviklinga til brukarane våre, fortel Bakkebø.

40 prosent av dei tilsette ved Bu- og habilitering har bakgrunn frå høgskulen, medan 30 prosent er fagarbeidarar. Den siste gruppa på 30 prosent er ufaglærte, ei gruppe leiinga ønskjer å løfta.

– Vi oppmodar alle til å ta fagbrevet, det er ein kjempefordel å ha i bakgrunnen når ein skal søkja faste stillingar innan helsevesenet, held ho fram.


Fagbrev

Den åttande praksiskandidaten, Stian Kleven Rød, tok i førre veke fagprøva, og etter tre dagars eksamen kunne han endeleg sleppa jubelen laus.

Hittil i år har sju andre kandidatar vore gjennom det same.

– Det er godt tilrettelagt for å kunna ta fagprøve hos oss, vi har høg ståprosent og sensorane frå prøvenemda skryt av oss, fortel Bakkebø smilande.

Fleire av fagarbeidarane som har tatt fagprøva det siste året har tidlegare hatt kontorjobbar. Ei av desse er Vivian Solheim, som etter 13 år i reiselivsbransjen endra yrkesretning.

– Eg kjente at det var på tide med ei forandring, så eg skifta like så godt beite sidan eg gjerne ville jobba med folk, fortel Vivian Solheim.

Ho tok fagbrevet for knapt ei veke sidan, og hugsar godt kjenslene ho hadde medan eksamen var i gong.

– Ikkje et eller søv du skikkeleg, og hovudet er fullt av tankar.

Bente Hellevik har hatt kontorjobb i over 20 år før ho endra retning, og nikkar samtykkjande til det Solheim fortel.

– Du har mykje å bevisa på tre dagar, legg ho til.

Eksamen går over tre dagar, der praksiskandidaten skal planlegga og kartlegga behova til ein utdelt brukar. Planen skal så gjennomførast, og til slutt skal ein evaluera og dokumentera tiltaka. Sensorar er tilgjengelege og følgjer med under heile prosessen, og etter ei utspørjing siste dagen vil dei avgjera om praksiskandidaten tilfredsstiller krava til å få fagbrevet.

Vegen hit

Det er fleire vegar ein kan gå for å ta fagbrevet. Ein kan gå to år på vidaregåande etterfølgd av ei to år langvarig lærlingstilling før ein går opp til fagprøva. Alternativt kan ein bli praksiskandidat. Då går ein på skule éin dag i veka i eitt år, og etter å ha samla opp dokumentert arbeidspraksis i fem år, eller når eit krav på 8.750 praksistimar, kan ein ta eksamen.

– Fordelen med å jobba samtidig som ein studerer, er at ein får knaggar ein kan henga kunnskapen på undervegs, fortel Hellevik.

Den første praksiskandidaten gjekk opp til eksamen for fem år sidan, og etter den tid har talet på nye praksiskandidatar auka kvart år.

– Det kjem stadig nye krav til helsepersonalet, og vi vil at så mange som mogeleg skal ta fagbrevet. Ein kvalifisert søkjar stiller sterkare om ein søkjer arbeid, samtidig som at det opnar dørene for vidareutdanning og personleg utvikling, fortel Bakkebø.

Einingsleiaren vil behalda den vellukka ordninga, og til neste år står det minst åtte nye kandidatar klare til å ta fagprøva.

– Ikkje vent med å fornya deg, det er viktig å ta eit steg vidare, så gå på skule og lær, understrekar fagarbeidaren Hellevik.

DAGSENTER: Her ser vi fagarbeidarane rundt Alf Erling Hardeland, som sit og vever på eit teppe på dagsenteret i Herøysund. Frå venstre ser vi avdelingsleiar Bente Kari Vassli, Reidun Netland, einingsleiar Hilde Bakkebø (bak), Vivian Solheim, Bente Hellevik, Solveig Espevik og Hildegunn Røssland.

DAGSENTER: Her ser vi fagarbeidarane rundt Alf Erling Hardeland, som sit og vever på eit teppe på dagsenteret i Herøysund. Frå venstre ser vi avdelingsleiar Bente Kari Vassli, Reidun Netland, einingsleiar Hilde Bakkebø (bak), Vivian Solheim, Bente Hellevik, Solveig Espevik og Hildegunn Røssland.

Variert kvardag

Alle praksiskandidatane som har vore i elden det siste året er einige om at jobben gir ein aktiv og variert kvardag, der ein får brukt mykje av seg sjølv. Og ikkje minst – ein blir veldig glad i menneska ein jobbar med.

– Dei er så skjønne, smiler Hellevik

– Og litt «umogelege» iblant, legg Solheim til.

Heile gjengen bryt ut i latter.

– Dei har gode og dårlege dagar, nett som alle andre. Men dei hentar det raskt inn på sjarmen, avsluttar fagarbeidarane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags