Vil nå ut med gratis utdanningstilbod

Mange er kanskje ikkje klare over at Senter for vaksenopplæring tilbyr gratis utdanning for dei med vaksenrett. Senteret har mange spennande kurs for dei som vil sikra seg ei utdanning, og her ser du bilde frå helsefagklassen i fjor, eitt av dei mest populære kursa. (Foto: Silje Holte).

Mange er kanskje ikkje klare over at Senter for vaksenopplæring tilbyr gratis utdanning for dei med vaksenrett. Senteret har mange spennande kurs for dei som vil sikra seg ei utdanning, og her ser du bilde frå helsefagklassen i fjor, eitt av dei mest populære kursa. (Foto: Silje Holte).

Artikkelen er over 1 år gammel

Visste du at dei som er 25 år og eldre, både nordmenn og utanlandske som er busette her, kan ta gratis utdanning under «Senter for vaksenopplæring»?

DEL

Neeta Sankholkar er avdelingsleiar for Senter for vaksenopplæring region Sunnhordland, som ligg på Stord vidaregåande skule. Det er fem slike senter i Hordaland. Ho trur det er mange som ikkje veit om at senteret tilbyr utdanning innanfor mange ulike bransjar, og at utdanninga er gratis.

– Hordaland fylkeskommune bruker 62 millionar kroner årleg på dette tilbodet, og målet er å få utdanna fleire fagfolk fordi det er samfunnsøkonomisk. Mange arbeidsplassar krev jo tilsette med fagbrev. Per i dag har vi 200 deltakarar på kursa våre. Vi plar nytta alle nettverksskulane våre, og i Kvinnherad er det KVV, forklarer Sankholkar.

Dette tilbodet om gratis utdanning er hovudsakleg til dei som har såkalla «vaksenrett» (sjå eigen faktaboks). Dei som ikkje har vaksenrett kan òg søkja, og er det ledige plassar på kurset kan dei også få plass. På nettsida finn du heile tida oversikt over kva kurs Senter for vaksenopplæring tilbyr og når det er søknadsfrist.

– Søknadsfristen er 1. april, men vi tar imot søknader fortløpande. Det er berre til å søkja, for du bitt deg ikkje til noko, og det er gratis. Lærebøker får du òg låna gratis, lokkar Sankholkar.

Kurs innanfor alle bransjar

Senteret har kurs innanfor bygg og anleggsfag, helse- og oppvekstfag, akvakultur, service og samferdsel, studiekompetansefag, restaurant- og matfag med meir. Senteret må ha 10 til 12 søkjarar med vaksenrett for å kunna starta opp eit nytt fag. I tillegg kan dei som har jobba i ein bransje ta fagbrev som praksiskandidat:

– Mange har kanskje jobba i ein bransje i fleire år, og på grunnlag av denne allsidige erfaringa frå yrket kan dei ta fag- eller sveineprøve som «praksiskandidat». Då må dei kunna dokumentera minst fem år med allsidig erfaring, og ha bestått teorieksamen i lærefaget. Vi tilbyr både teorikurs og eksamen for å hjelpa dei som vil ta fagbrev, seier Sankholkar.

Foto:

Og kvalifiserer du ikkje til vaksenrett er det framleis ein sjanse.

– Regelen er òg at 85 prosent av ein klasse må ha elevar med vaksenrett, noko som betyr at vi òg kan ha ein del elevar utan vaksenrett. Derfor er det berre å søkja. Til dømes har vi 50 personar utan vaksenrett på venteliste på kurs som helsefagarbeidar.

Dessutan har Senter for vaksenopplæring eit heilt nytt og unikt tilbod i år, for dei som jobbar i barnehage:

– Det er mange ufaglærte som jobbar i barnehagar, og no har staten gitt midlar til tiltak. Kurs som barne- og ungdomsarbeidar for dei utan vaksenrett er derfor sponsa og betalt av Fylkesmannen. Her har vi framleis ledige plassar. Det vil òg komma ei ordning kalla «fagbrev på jobb» der bedrifta har hovudansvaret, men der Senter for vaksenopplæring følgjer opp teoridelen med kurs. Det er nesten det same som lærlingordninga.

Framandspråklege har vaksenrett

Sankholkar fortel òg at i fjor fekk dei som kom frå andre land, og ikkje har godkjent utdanning i Norge, vaksenrett. Det var på grunn av den store pågangen av framandspråklege søkjarar.

– For å kunna ta kurs gjennom Senter for vaksenopplæring må utanlandske forstå og kunna lesa og skriva norsk. Minoritetsspråklege blir testa i norsk før dei eventuelt får tilbod om skuleplass. I tillegg er det krav om at dei må ha opphaldsløyve, og at det varar minst like lenge som kurset dei ønskjer å ta.

Fakta om vaksenrett:

Vaksne har lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, studierettleiing og realkompetansevurdering (vaksenrett).

Du har vaksenrett dersom du:

– fyller 25 år eller meir det året du søkjer.

– ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare, eller har vidaregåande utdanning frå eit anna land som ikkje er godkjent i Norge.

– har fullført grunnskule eller tilsvarande

– søkjer i heimfylket ditt (Hordaland)

– har gyldig opphaldsløyve (gjeld minoritetsspråklege)

Vaksne under 25 år:

Alle har rett til å fullføra vidaregåande opplæring. Er du under 25 kan du søkja vanleg vidaregåande skule. Dette gjeld òg dersom du har tatt utdanning i eit anna land og ikkje får den godkjent i Noreg. Det er også mogleg å søkja om vaksenopplæring og dermed endra ungdomsretten til vaksenrett etter § 4A-3.

Fullføringsrett:

Vaksne som har fått plass på vidaregåande opplæring har rett til å fullføra opplæringsløpet. Dette gjeld sjølv om du ikkje har vaksenrett.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags