Utforkøyring

Illustrasjonsfoto frå arkivet.

Illustrasjonsfoto frå arkivet.

Ein MC-førar køyrde i rusa tilstand og hamna utfor vegen ved Kroka, Sundal.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Politiet sin operasjonssentral fekk melding om trafikkuhellet rundt klokka halv sju torsdag kveld, og politiet i Odda rykte ut. MC-føraren fekk lettare skader, og vart teke med til legevakta i Odda. Her vart det teke blodprøve av føraren, som viste at vedkommande hadde køyrd med promille. Politiet vil etterforska saka vidare.

Artikkeltags