Bytte ut klasserommet med sol, snø og ski

SKIDAG: Mohammed Alkhateb frå Syria køyrde slalåm med stil då Vaksenopplæringa var i Fjellhaugen på torsdag.

SKIDAG: Mohammed Alkhateb frå Syria køyrde slalåm med stil då Vaksenopplæringa var i Fjellhaugen på torsdag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Torsdag var elevar og lærarar ved Vaksenopplæringa på tur til Fjellhaugen. Som ved tidlegare år var det ei populær utflukt.

DEL

Ikkje alle er fødde med ski på beina slik nordmenn seiast å vera, og for fleire elevar frå Vaksenopplæringa blei torsdagen første gongen dei testa ski i det heile. Andre hadde så vidt prøvd skigåing før, men syntest framleis det var ein smule vanskeleg å halda balansen.

– Eg har stått litt på ski før, og det er gøy, men også litt vanskeleg, smilte Desiree Lodoc frå Filippinene.

Då Kvinnheringen var oppom Fjellhaugen hadde ho lagt skia frå seg for dagen, og nytte heller grilla marshmallows i sola.

Gjengen frå Vaksenopplæringa hadde nemleg laga til ein flott leirplass med bålpanner og reinskinn, der grillmaten og kakaoen blei inntatt innimellom ski- og akeøktene. Mange valte likevel å heller slå leir inne i varmestova, som Olav Gunnar Hjelmeland hadde opna til gjengen for høvet. Og så var det dei som var så ivrige at dei knapt la skia frå seg. Og som jubla då Hjelmeland starta barnetrekket, slik at det òg var høve til å prøva seg på slalåm. Mohammed Alkhateb frå Syria var ein av desse. Han køyrde feilfritt og stilsikkert ned slalåmbakken, gong på gong.

– Dette har du gjort før?

– Det er fjerde gongen eg står på ski. Men eg likar det veldig godt, så eg øver og øver, smilte han.

Skidagen blei, som ved tidlegare år, arrangert i samarbeid med Friluftsrådet Vest.

NYTTE SOLA: Siham, Rasha, Rasha, Ghoufran, Etedal og Bathoul fekk ei herleg marssol i augo under utflukta til Fjellhaugen.

NYTTE SOLA: Siham, Rasha, Rasha, Ghoufran, Etedal og Bathoul fekk ei herleg marssol i augo under utflukta til Fjellhaugen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags