Vil endra DPS-strukturen

Valen sjukehus sett frå lufta. (Arkivfoto).

Valen sjukehus sett frå lufta. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Måndag skal mogelege endringar i Folgefonn DPS sin struktur og kapasitet opp i Helse Fonna-styret. Hardanger-innvendingar kan råka DPS-avdelinga på Valen.

DEL

Styredokumenta fortel om bakgrunnen for saka: Hausten 2014 vart det gjennomført ei evaluering av døgntilbodet ved Folgefonn distriktspsykiatriske senter (FDPS) si avdeling i Odda. Sluttrapporten viste at det var behov for ei breiare evaluering av heile FDPS, både med tanke på organisering, dimensjonering og innhald i dei polikliniske og døgnbaserte tenestene. (FDPS har avdelingar i Odda og på Valen). Som sagt så gjort: Ei breitt samansett arbeidsgruppe gjennomførte ei evaluering. Hovudkonklusjonen var at kapasiteten innanfor døgnbehandling var større ved FDPS enn ved dei andre DPS-a i helseføretaket, og at det var behov for å utvikla dei polikliniske og ambulante tenestene. På bakgrunn av dette rådde arbeidsgruppa til å leggja ned 5 døgns-posten (tilbod i vekedagane) i Odda og berre gi døgntilbod ved DPS-avdelinga på Valen, som per i dag har 12 slike sengeplassar. I innstillinga til Helse Fonna-styret er det denne løysinga som tilrådd – altså å gå ned frå 16 til 12 senger.

Administrerande direktør rår òg til å styrka eininga psykisk helsevern og rus i Odda ved å utvikla det polikliniske og ambulante tilbodet. Vidare blir det rådd til å inkludera Etne kommune i Folgefonn DPS sitt opptaksområde, medan lokal leiing ved FDPS i Odda blir vurdert i samanheng med dei føreslegne endringane.

Sterke protestar

Evalueringsrapporten har vore på høyring i berørte kommunar og brukarutval, og særleg Odda og Ullensvang protesterer sterkt i sine høyringsuttalar. Den føreslegne endringa råkar både tilbod og arbeidsplassar. I Odda er det tale om 7,4 årsverk fordelt på 12 tilsette Mellom anna krev dei to kommunane at Helse Fonna opprettheld DPS-døgntilbod både i Odda og på Valen med seks senger og 7-døgnsdrift begge stadar. Skulle denne innvendinga få medhald i styret, kan talet på DPS-sengeplassar på Valen bli halvert.

Kvinnherad kommune sin uttale støttar innstillinga til Helse Fonna-styret.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags