Fekk «vaskemaskin» på 27,4 tonn

Det er hektiske dagar ved Nor Tekstil avd. Valen. Denne veka fekk dei ei ny «Vaskemaskin» til solide 6,5 millionar kroner.

DEL


I ei pressemelding frå vaskeriet heiter det at investeringa som no er gjort i eit vaskerør er ei stor investering for framtida. Dette er den siste tilgjengelege teknologien for eit industrielt vaskeri.

Det nye vaskerøret som er kome på plass kjem frå Tyskland, og ein av fordelane med dette er at det gjev svært god skyllekvalitet som gjer at ein får bort kjemirestar utan bruk av nøytraliserande middel.

– Dette sparar både kjemi og miljø og vil bidra til at brukarane av tekstilane får betre oppleving mot huda, heiter det i pressemeldinga.

For Nor Tekstil avd. Valen fortel driftssjef Roy Arne Jensen at denne oppgraderinga var heilt nødvendig for at avdelinga skal møta dagens og framtida sine krav til miljømessig og lønsam produksjon.

– Det nye vaskerøret vil kunne vaska om lag ni tonn tøy per dag, noko som betyr at vi kan produsera alt på eitt skift i forhold til to skift i dag. Andre fordelar vi får, er ein kraftig reduksjon i vatn- og energiforbruk. Vi får også ein helt anna driftstryggleik enn den vi har i dag. Det nye anlegget er blant anna «online» med fabrikken i Tyskland, noko som betyr at vi kan løysa tekniske utfordringar mykje raskare og enklare, seier Jensen i pressemeldinga.

Denne investeringa saman med andre oppgraderingar i 2018 på totalt 10 millionar betyr mykje for alle dei 30 glade arbeidarane ved vaskeriet. Det er vidare lagt opp til millioninvesteringar også i 2019 for ytterlegare å forbetra produksjonslinjene, fortel Jensen til slutt i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags