Mann (28) sakna på Varaldsøy

Eit tredvetals personar frå Kvinnherad Røde Kors har leita i løpet av natta, saman med andre innsatsar. Privatpersonar som bur på Varaldsøy er òg med og leitar, opplyser  politiet. (Illustrasjonsfoto frå arkivet).

DEL

Ein mann er meld sakna frå bustaden sin på Varaldsøy, skreiv politiet sin operasjonssentral på Twitter klokka 01:10 natt til fredag.

Mannen blei sist observert natt til onsdag. Det var familien til mannen som melde han sakna.

Politi, leitemannskap, redningshelikopter og Norsk redningsteneste har vore i sving sidan torsdag kveld for å finna 28-åringen.

Politiet ber folk om å ta kontakt med Kvinnherad lensmannskontor om dei har informasjon som kan hjelpa i søket, eller om dei ønsker å vera med som frivillige.

Leiteaksjonen blir utvida i dagslyset fredag føremiddag, fortel Torgeir Fosse ved lensmannskontoret til Kvinnheringen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags