Snart vårmønstring: Nypolert lakk og blenkande krom i lange banar

I FJOR: Det plar vera mange flotte køyretøy å sjå på under vårmønstringa på Husnes. Her frå frå fjorårets arrangement. I år skal den flyttast til parkeringsplassen ved Rema 1000. (Arkivfoto).

I FJOR: Det plar vera mange flotte køyretøy å sjå på under vårmønstringa på Husnes. Her frå frå fjorårets arrangement. I år skal den flyttast til parkeringsplassen ved Rema 1000. (Arkivfoto).

Av

1. mai er det klart for den årlege vårmønstringa på Husnes, med det grommaste kvinnheringane har å by på av bilar og motorsyklar.

DEL


Vårmønstringa er eit høgdepunkt for alle bil- og MC-entusiastar i kommunen, både eigarar av stilige køyretøy som får høve til å visa dei fram, og publikum som kan «nørda» over hestekrefter, stilig design og blankpussa motorrom.

Nytt av året er at vårmønstringa skal vera på parkeringsplassen til Rema 1000. Årsaka er at kommunen no held på å bygga om Aksen, og derfor har stengt av delar av parkeringsplassen i nærleiken av kulturhuset. I år står Amcar Kvinnherad for arrangementet åleine, men leiar Stein Bjarte Kaldestad lovar ei minst like flott mønstring som tidlegare år. Det blir kiosksal og sjølvsagt kåring av dei grommaste køyretøya, og i år skal publikum får vera med på å stemma fram sine favorittar. Dessutan skal «Sinnamekkeren», Ståle Eskeland, son til legendariske Severin Eskeland på Valen, vera speaker under arrangementet. Han er ein artig kar, som garantert skapar god stemning.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags