Breiare veg i Bogsnes

DEL


I samband med legging av ny høgspentkabel i Bogsnes, har kommunen nytta høvet til å utvida vegen frå fylkesvegen til byggefeltet. Stord Innkvartering, som står bak brakkeriggen i området, har kosta stykket frå fv-krysset til avkøyrsla til kaien, medan kommunen har kosta den andre delen.

– Vi har fått lagt på grus opp til rett nivå, i flate med eksisterande veg, slik at vi seinare kan asfaltera breiare og laga til fortau, fortel sektorleiar Sigbjørn Øye.

Det skal òg koma opp led-gatelys på strekkja.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags