Etterlyste trafikksikring

DEL

Til formannskapsmøtet torsdag hadde gruppeleiar i SF, Hege Lægreid Røssland, sendt spørsmål om trafikksikring i Bogsnes, eit initiativ ho presenterte gjennom ei sak i Kvinnheringen i vår.

Saka er no aktualisert sidan det skal plasserast 88 mellombelse bueiningar på industriområdet i Bogsnes i samband med Hydro-utvidinga, noko som vil gi langt meir trafikk i området.

«Det handlar om trafikktryggleiken til mange skuleborn», påpeikar Røssland i spørsmålet.

– Vi tar med oss innspelet og vil prøva å få til ei god løysing i samband med at bustadriggen skal opp, kommenterte ordføraren då innspelet vart lufta.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags