Klagar på farleg vegkryss

DEL

Torbjørn Aarsland har sendt kommunen ei klage om vegkrysset på Halsnøy mellom fv60 og fv62, der ein kan køyra mot Høylandsbygd, Sydnes eller Sæbøvik.

– Når ein køyrer frå Sydnes mot Sæbøvik krev det stor merksemd for å unngå fare frå kryssande trafikk frå Høylandsbygd, skriv Aarsland i brevet til kommunen.

Aarsland meiner at den oppmåla vikepliktlinja ligg for langt frå sjølve krysset, slik at ein ikkje får god nok sikt. I brevet føreslår han å fjerna noko asfalt på venstre side når ein kjem frå Sydnes, slik at trafikken vert leia inn i eit 90-graders kryss mot fv60.

– Det er ein enkel operasjon som ikkje krev store ressursar eller omlegging, meiner Aarsland.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags