Meir gatelys i Langgot

Ove Lemicka (Frp) etterlyser meir gatelys i Langgot.

DEL


– Denne saka er blitt tatt opp gjentekne gonger. Det manglar ein del gatelys, sidan ein drog den nye rekkja med lys opp til innkøyrsla til industriområdet. Men vi lova lys i heile Langgot.

Sektorleiar Sigbjørn Øya kunne opplysa at det handla om kapasitet, men at resten av lysa skal koma opp:

– Vi har 300.000 ubrukte fylkeskroner til dette og arbeidet står på planen, forsikra Øye.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags