Kontrollerte 500 bilar

Dette bildet er frå ein kontroll på Husnes i mars. (Arkivfoto).

Dette bildet er frå ein kontroll på Husnes i mars. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Statens Vegvesen kontrollerte 500 bilar under ein sju timar lang kontroll på Seim onsdag.

DEL

Dersom du ikkje har betalt årsavgifta på bilen din, lever du farleg med omsyn til å få køyra vidare etter å ha bli stoppa i ein kontroll. Inspektørane frå Statens Vegvesen som rigga seg til på Seim klokka 0800 onsdag morgon, vinka inn fem bilar som stod på lista over bilar som skulle avskiltast. Fire av desse bilførarane hadde ikkje betalt årsavgifta, men denne gongen slapp dei med skrekken.

- Det er slik no at dersom ein kan ordna opp på staden, så unngår ein avskilting. Dei fire som vi stoppa i dag, ordna betalinga via mobiltelefonen, fortel inspektør Sverre Våge.

Men for bilføraren som ikkje hadde framstilt bilen sin for EU-kontroll, var det inga bøn. Bilen hans vart avskilta.

Ein bilførar må betala gebyr for manglande beltebruk, og to bilførarar fekk gebyr for ikkje å ha med seg førarkort.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags