Treng bøsseberarar

Det er denne flotte gjengen som administrerer TV-aksjonen i Kvinnherad i år. (f.v.) Hans Inge Myrvold, Veronica Thorkildsen Thorsen, Anne Sofie Bjelland Kjeka, Johnny Thomsen, Monica Tofte og Ágúst Magnússon.
Søndag 20. oktober går TV-aksjonen av stabelen. Då er slagordet «No er det hennar tur».
I år går pengane frå den årlege TV-aksjonen til organisasjonen «CARE», som jobbar for kvinner sine rettar i nokre av verdas mest sårbare område:
– Pengane går direkte til hennar moglegheiter til å få si eiga arbeidsplass, eigen inntekt, til hennar draumar og til hennar rett til å rå over eigen kropp, fortel Veronica Thorkildsen Thorsen i Frivilligsentralen, og legg til:
– Det er kvinner som oftast blir utsette for vald i heimen, på arbeidsplassen og i samfunnet elles.
«CARE» har ikkje ein norsk interesseorganisasjon, men jobbar internasjonalt for dei kvinnene som treng det aller mest. Innbyggjarane i Kvinnherad har, ifølgje Thorsen, vore flinke til å delta, og dei har dei siste åra hatt full bøsseberardekning. Målet er at alle husstandar i kommunen skal få besøk:
– Vi har tidligare år banka på alle dører i Kvinnherad, og det er utruleg flott i ein vidstrekt kommune som vår, smiler ho, og held fram:
– Så har det nærmast blitt eit kontantfritt samfunn, så alle bøsseberarane som treng det, vil få god hjelp frå Frivilligsentralen til å forstå digitale betalingsmetodar.
Den årlege innsamlingsaksjonen, som er blitt arrangert sidan 1974, er det ordføraren i kommunen som har det særskilte ansvaret for:
– Det går mellom anna ut på å få folk til å bidra, så eg skal jobba med å spreia bodskapen, smiler Hans Inge Myrvold.
Slik kan du hjelpa
Hovudregelen er at dei frivillige må vera fylt 18 år, men det er råd å gå fleire saman.
– Alle som ønskjer å bli bøsseberar kan melda seg på nettstaden «blimed.no», ringa telefonnummeret 02025, eller ta direkte kontakt med oss i Frivilligsentralen, fortel Thorsen.
Aldri før har det vore enklare å gje eit bidrag til dei som bankar på:
– Søndag 20. oktober mellom klokka 16.00 og 18.00 kjem det ein bøsseberar, og har du ikkje kontantar liggjande, kan du nytta deg av vipps, informerer ho, og legg til:
– I tillegg kan både privatpersonar og bedrifter allereie no starta opp ein eigen innsamling til TV-aksjonen gjennom tjenesta «spleis.no».
I samband med aksjonen vil dei også i år invitera til ein internasjonal kulturfest på Husnes:
– Det blir ein korgfest der alle som vil er velkomne, og folk tek med mat frå sine kulturar, fortel TV-aksjonsgjengen, som i år håpar at endå fleire nordmenn vil bidra med tradisjonsmat.
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!