Meteorolog om Festidalen-helga: – Ustabilt, med sjanse for finvêr

Mange håpar nok på finvêr neste helg når det igjen er festivaltid på jordet i Uskedalen. Her frå Dagny sin konsert i fjor. (Foto: Lars Martin Teigen).

Mange håpar nok på finvêr neste helg når det igjen er festivaltid på jordet i Uskedalen. Her frå Dagny sin konsert i fjor. (Foto: Lars Martin Teigen).

DEL

– Det er enno vanskeleg å seia noko om vêret, men det ser ikkje ut som at det skal bygga seg opp høgtrykk, noko som betyr at det truleg ikkje blir strålande vêr. Tendensen tyder på at det blir slik det har vore i det siste. Altså litt ustabilt med lågtrykksperiodar før finare vêr, seier meteorolog Magni Svanevik ved Meteorologisk institutt.

Ho understrekar at det er vanskeleg å seia så mykje sikkert om vêret før tidlegast over helga.

– Ein må nok belaga seg på litt nedbør, så kan ein heller blir positivt overraska, seier ho til Kvinnheringen.

Temperaturen skal gå litt ned fram mot kommande helg, før den tar seg opp igjen mot Festidalen-helga, fortel Svanevik.

– Det vil nok bli rundt 15–20 grader om dagen. No kjem det litt kjøligare luft inn, men temperaturen skal gå opp igjen i neste veke og inn mot helga. Det er stor forskjell på regn og ti grader og regn og 20 grader. Det kjennest litt betre ut med varme.

Festidalen går av stabelen i Uskedalen 28.–30. juni og er for mange kvinnheringar høgdepunktet på kultur- og utelivsfronten sommarstid.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags