Ny, kraftig vind på veg

Meir dårleg haustvêr i vente, melder meteorologane.

DEL


– Det har nok vore full eller sterk storm i indre strøk. På kysten har vinden vore meir jamn, men vindkasta lengre inne har vore veldig kraftige, seier meteorolog ved Meteorologisk institutt, Frode Hassel, til Kvinnheringen torsdag føremiddag.

Ved Meteorologisk institutt sin målestasjon ved Røldalsfjellet, var det orkan i kasta. På det meste var middelvinden oppe i 34.6 m/s. Dei kraftigaste vindkasta var oppe i 44.5 m/s, ifølgje Meteorologisk institutt.

Torsdag blir det byevêr, med pause innimellom.

– Det kan kanskje komma opp i stiv kuling på utsette stadar etter kvart. Det er også eit nytt lågtrykk på veg. Det vil treffa Rogaland fredag ettermiddag. Det blir truleg kraftig nordvestvind på kysten og stiv eller sterk kuling i ytre strøk. Det vil gi fjordstrøka kraftige vindkast seint fredag og natt til laurdag. Laurdag vil regnet halda fram, men vil gradvis minka. Det er litt uroleg haustvêr vi no får, fortel Hassel.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags