Desember den mest nedbørsrike månaden

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Det mest nedbørsrike året dei siste tretti åra er til ende. Desember held stand som den mest nedbørsrike månaden. Det har også vore mykje mindre sol enn ein kan forventa, medan temperaturen har vore relativt normal.

Temperatur

Også desember har hatt ganske normal temperatur. Normalt med frost har det òg vore. Varmaste desember vi har hatt var i 2006, med 6,6 grader. Kontrasten er stor til 2010 med - 2,5 grader. Desember i fjor var mild med 5,5 grader. Snittemperaturen for heile året er ni grader, berre 0,1 over gjennomsnittet for heile perioden. Kaldaste år er også 2010 med 7,4, medan det i 2014 var oppe i 10,6 grader.

Nedbør

Einaste månaden i år med mindre nedbør enn normalt er februar, august og september. Den nye årsrekorden er 99 mm høgare enn den gamle frå 2011. I 1996 kom det berre halvparten så mykje med 1482 mm. 75 mm. er døgnrekord for desember. Berre i 2006 kom det meir i desember med 433 mm. I 2002 kom det berre 44 mm. Også i fjor kom det mykje med 378 mm. I løpet av året har det vore 247 døgn med nedbør, to mindre enn i 2011. Minst er talet i 2010 med 180 døgn. Vi har berre hatt 21 dagar med snø på bakken, det er rekord i perioden. 13 av dei var i desember. Vi fekk nokre fine dagar med snø og kulde midt i månaden, men det forsvann i god tid før jul. Det vesle snøfallet i romjula forsvann då mildvêret kom i nyttårshelga. Eg la merke til at det kom meir snø på Utåker enn på Husnes, men det var berre eit tynt lag her også.

Skydekke

Det vart mykje overskya vêr i desember. Men seks år i perioden har det vore verre. Mest i 2006 med 91 %, og i fjor var talet 84%. I 1995 var det fint med berre 42% skydekke. I 2017 har det vore 72,5 % med skydekke. Berre slått av 2011 med 73 %. Beste år er 2010 med 57,5%. I løpet av året har det berre vore 18 klare dagar. Det er det minste i perioden. Det har vore 155 dagar med overskya vêr, fem mindre enn i 2011.

Vêret i 30 år

No har eg i tretti år drive med vêrstatstikk frå Utåker. Mange lurer på om vêret endrar seg. Vi veit jo at det skjer store endringar langt mot nord. Om eg deler statstikken i tre tiårsperiodar så er snittemperaturen 8,44, 9,23 og 9,08 grader. Nedbør per år 2144, 2276 og 2345 mm. Det har vore 62,33 %, 64,86% og 66,47% skydekke. Det er nedbør og skydekke som har mest negativ utvikling. Samtidig er det forskjellar frå år til år. Kaldaste år var i 2010, og varmaste i 2014. Mest nedbør i 1992, 2011 og 2017. Minst i 1996 og 2010. Mest overskya i 1998, 2011 og 2017. Minst i 1996 og 2010. I januar i fjor var det 2,9 grader, det kom 235 mm nedbør, og de var 69 % skydekke. Vi hadde den vinteren med minst snø dei siste tretti åra.

                                                         Desember 2017  Snitt 1988–2017

Høgaste maks. temp 7/12:                              +10,5                   +10,1

Lågaste min.temp 16/12:                                  - 5,0                     - 4,9

Gj.snittleg midd.temp                                        +2,8                     +2,9

Frostdøger/netter                                               3/11                     4/11

Nedbør i desember (mm)                                    421                      254

Nedbør i 2017                                                   2825                    2255

Mest på eit døger (mm) 23/12:                             75

Tal døger med nedbør                                           24                        20

Dagar med snø på bakken                                    13                          8

Største snømengd (cm) 10/12                                 6

Skydekke                                                           83%                     71%

Heilt klare dagar                                                     2                          4

Heilt overskya dagar                                            22                        14

Utrekningane er baserte på uofisielle målingar på Utåker.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags