Denne veka kan det bli full storm langs kysten

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det kan bli heftig vind når restane av den tropiske stormen Helene beveger seg i vår retning.

DEL

(Bergensavisen): For Vestlandet sin del byrjar det allereie tirsdag med sør og sørøstlig stiv kuling på kysten og utsette stader.

Ifølgje Yr vil det bli periodar med regn, men forbigåande lettare vêr midt på dagen tirsdag.

Onsdag er det venta sørleg bris og sterk kuling utsette stader. På kvelden er det venta at vinden dreier til sørvest liten til full storm i nord.

«Uvanleg sterk vind»

Lågtrykket blir skapt i bakkant av den tropiske stormen Helene. Tirsdag er det for øvrig meldt opp mot 20 grader i Bergen.

Meteorolog Halldis Berge ved Vervarslinga på Vestlandet seier til BA at det framleis er usikkert kortid og korleis lågtrykket vil treffe Vestlandet.

– Lågtrykket har usikker bane. Det er dermed usikkert kvar lågtrykket treff, og kvar den sterkaste vinden kjem, seier ho.

Mandag føremiddag såg det ut til at det blir Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som får merke dei sterkaste kreftene.

Langs kysten i bergensområdet er det venta kuling og sørlig stiv kuling.

Storm melder om «uvanleg sterk vind» og «uvanleg mykje nedbør» i Bergensområda onsdag og torsdag denne veka.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags