Større skredfare i store delar av landet

Av

I delar av Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag blir det varsla stor fare for snøskred onsdag.

DEL


I Trollheimen, Romsdal og Sunnmøre i Møre og Romsdal blir farenivået sett opp frå tre (betydeleg fare) til fire (stor fare). I Indre Fjordane på Vestlandet blir farenivået sett opp til fire, frå to (moderat fare). Der er det òg venta store naturleg utløyste skred.

I Jotunheimen blir farenivået sett opp til tre. Det same gjeld for store delar av Vestland og for Heiane i Møre og Romsdal.

I mesteparten av Nordland og Troms og Finnmark blir farenivået verande på tre, altså betydeleg fare.

Snøskredvarsel er basert på ein femtrinns skala frå ein til fem for dei områda i Noreg som er mest utsette for snøskred. For resten av landet, slik som områda Sør- og Nord-Trøndelag, blir det berre sendt ut varsel dersom farenivået er på fire eller fem. I tillegg blir det varsla om det er venta naturleg utløyste skred, og kva slags type skred som kan ventast.

Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) tilrår alle som skal ferdast i område med betydeleg skredfare, om å tileigne seg nødvendig kunnskap om snøskred.

(©NPK)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags