Vertshuset til Systrene Nilsen

Frøydis Nilsen Mathisen (t.h.) og Gunhild Nilsen Hillestad. (Pressefoto).

Frøydis Nilsen Mathisen (t.h.) og Gunhild Nilsen Hillestad. (Pressefoto).

Artikkelen er over 6 år gammel

www.kvinnheringen.no: Selskapet Systrene Nilsen AS har kjøpt det tidlegare «Vertshuset» i Uskedalen.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Familien Nilsen, busett i Herøysundet, har nyleg kjøpt det gamle «vertshuset» i Uskedalen. Geir Harald Nilsen og tvillingdøtrene Frøydis N. Mathisen og Gunnhild N. Hillestad har planane klare for det gamle slakteriet.

Trioen ser for seg utleige av huset til lukka lag som dåp, konfirmasjon, jubileum, bryllaup, kurs og fest.

– Vi håpar å knyta til oss samarbeidspartnarar som kan drifta huset i aktuelle sesongar, som påske, sommar og julebord, då vi sjølve går i full jobb utanom, heiter det i pressemeldinga.

– Vi synest det er viktig å ta vare på «vertshuset» og håpar at folk i og rundt Uskedalen er glade for å få liv på kaien igjen. Så snart alle formalitetar er på plass vil huset vera mogleg å leiga for firma og privatpersonar. Håpet er å opna dørene for restauranten til påske, står det å lesa i pressemeldinga.

Artikkeltags